Norges Dykkeforbund / Nyheter / 2024 / Landslagssamling i Montenegro
Det norske kvinnelandslaget dykker med landslagsutøvere fra Montenegro
Det norske kvinnelandslaget dykker med landslagsutøvere fra Montenegro

Landslagssamling i Montenegro

Det kvinnelege landslaget i UV-jakt har hatt treningssamling i Herceg Novi, Montenegro i påska! Denne samlinga vart arrangert og finansiert på eige initiativ av dei reisande, men det var også på invitasjon frå det montenegrinske forbundet. For å drive med undervassjakt i Montenegro treng ein nemleg spesielle løyve.

Laget, som består av kaptein Lidija Vukic, Åshild Øie Dybdal og Elisabeth Hellerdal Fosstveit reiste saman med følgje Sebastian Sivam Wada og Joel Burman til Montenegro fredag 22. mars for å trene til Euro African Championship som går føre seg i Tyrkia 29.05-01.06. Lidija Vukic har budd 18 år i Herceg Novi, og er dermed lommekjend i området, spesielt under overflata. Ho har lang erfaring med undervassjakt, og kunne gje god opplæring og tips til dei andre damene på landslaget.

Dei tre damene på landslaget. Frå venstre: Åshild Øie Dybdal, kaptein Lidija Vukic og Elisabeth Hellerdal Fosstveit.

Organisert av forbundet i Montenegro var laget også så heldige å få tilbringe ein treningsdag saman med to frå landslaget til Montenegro, Boban Radosevic og Dusan Vukcevic. Damene vart henta med båt i Herceg Novi og teke med til dykkeplassar i nærområdet, der dei fekk øve på nye teknikkar og sjå ulike fiskeartar. Dagen vart avslutta med felles måltid av fangsten på ein restaurant i solnedgongen. “Det var ein fantastisk dag ute, og vi følte oss veldig takknemlege å kunne få tips og råd frå så erfarne jegarar som Boban og Dusan. Det kjennest ut som vi allereie har venar når vi skal til konkurransen i Tyrkia.” seier Åshild. Montenegro stiller nemleg også til EAC i Tyrkia, for første gong med i ei CMAS konkurranse.

Den montenegrinske delegasjonen med kvinnelandslaget.

Det var gode treningstilhøve, med unnatak av eit par dagar med uvêr vart det minst eit dykk om dagen, ofte to. Det vart også lagt opp til økter på land med fokus på statisk og tøying. Temperaturen i vatnet låg på kring 16°C, og det var omlag same temperatur i lufta. Med ei 5 mm drakt gjekk dette fint, men det vart for enkelte litt kaldt etter nokre timar til trass for at ein er van med vesentleg kaldare vatn.

“Jakta i Montenegro er svært annleis enn i Noreg.” fortel Lidija. Teknikken er i mykje større grad basert på aspetto (å dykke ned og vente på fisken) samt å leite i holer. Fisken er raskare og meir kjensleg og generelt mykje mindre i både storleik og omfang. Dette er typisk for fiskar i Middelhavet, så det har derfor vore nyttig for utøvarane å kunne førebu seg på liknande høve i Tyrkia med tanke på artar og teknikk. Likevel er det fleire usikre faktorar, til dømes kva slags djup ein kan forvente å finne fisken på. Til internasjonale konkurransar reiser dei som verkeleg satsar på gode plasseringar gjerne ein månad i forkant for å bli kjend med området. Dette er både tidkrevjande og kostbart, og gjeld i praksis stort sett kun for dei med gode sponsoravtalar. For enkelte nasjonar er også forbundet ein viktig og sentral sponsor.

Kaptein Lidija Vukic saman med Dusan Vukcevic

Det er framleis mykje å lære, men takka vere denne turen og god hjelp frå Lidija fortel damene at dei no veit meir kva dei skal forvente seg til det komande meisterskapet.

I tida framover kjem fokuset for Åshild og Elisabeth til å liggje på bassengtrening. Til vanleg spelar dei begge undervassrugby i Tromsø for laget TSI SURK, men no blir det nok i større grad fokus på statisk og dynamisk fridykking på treningane med Studentdykkeklubben TSI SUT. “Det å trene på ein miks av statisk og dynamisk vil vera viktig for å bli betre på å liggje aspetto. For å lukkast handlar det svært mykje om å lære seg å slappe av, men det er krevjande å trene på den mentale delen” seier Elisabeth. Elles blir det sjølvsagt nokre turar i sjøen for alle tre.

Felles middag etter dykk saman med representantane frå Montenegro

Nippon gases Hold norge rent Nordic Choice Hotels Sparebankstiftelsen DNB MARFO Handelens Miljøfond