100-0 I MÅLFORSKJELL TIL NOREG

Noreg sitt damelag spelte i dag sin tredje og siste innleiande kamp i VM. Denne gongen var det Australia som sto for tur, og det var forventa litt meir motstand enn i dei tidlegare kampane.



 På tribunen sto Noregs to ivrigaste sportssupporterar, «Rune og Remi», og heia damelaget fram. 


Sjeldan har det vore så mykje lyd frå tribunen. Australia gav alt i starten, og viste at dei ikkje ville gi Noreg ein lett kamp. Likevel pressa dei norske damene hardt imot, og etter om lag 3 minutt sette Carina Magnussen det første målet for Noreg. 


Til pause sto det 10-0. I andre omgang fekk Noreg ein straffe som Gerd Anne Solibakke sette på meisterleg vis. Australia kjempa hardt gjennom heile kampen, men måtte til slutt sjå seg slått med ein 16-0 seier til Noreg. Noreg er dermed puljevinnar, med imponerande 100-0 i målforskjell!


Tysdag blir det kviledag for dei norske damene, før dei speler kvartfinale på onsdag.  Her møter dei Sverige eller Danmark.






[Tilbake]

 Makeweb CMS