VM undervannsrugby: Noreg mot Sverige

Det norske damelaget spelte kvartfinale mot Sverige onsdag klokka 17.00. 


Sverige er ein nasjon med lange rugbytradisjonar. Dei stiller alltid sterkt på store meisterskap. Sjølv om Noreg var store favorittar på førehand var dette på ingen måte ein kamp dei norske damene tok lett på. 


Etter berre eitt minutt scora Gerd Anne Solibakke Noreg sitt første mål, og det norske laget kunne senka skuldrene litt.


Noreg hadde god kontroll på kampen, og kunne kontrollera spelet utan å bruka alt for mykje krefter. Sverige kjempa likevel sterkt i mot og gav Noreg tøff og hard motstand. Til pause var stillinga 3-0. 


Noreg fortsette med godt spel i 2. omgang, og fekk inn fire mål (eitt på straffe). I sluttminutta sendte Sverige opp alt dei hadde av spelarar og pressa hardt for å scora eit mål. Like før kampen var slutt lukkast dei med dette, og Noreg slapp inn sitt første mål i meisterskapet. 


Sluttstillinga vart 7-1 til Noreg, som no er klare for semifinale mot Colombia på fredag 1130. No byrjar det å tetta seg til. Motstandarane vert sterkare og kampane tøffare. 


Den norske troppen er svært heldige som har eit godt støtteapparat. Oppmann Eva Tennefoss og fysio Kristine Nergaard gjer ein strålande jobb og syt for at dei ytre rammene er på plass, slik at utøvarane kan prestera maksimalt. 


Kristine Nergaard er med som fysio til Graz.








[Tilbake]

 Makeweb CMS