Foto: Sjønær/Marko Polter
- Havfestivalen vår såg dagens lys i fjor haust på same tid. Dette meiner vi blei ein kjempesuksess for alle involverte. Saman skapte vi ein arena der festivaldeltakarane på fleire måtar fekk kome tettare på havet – vårt hovudmål med heile festivalen.
Det seier festivalsjef Marko Polter i fridykkargruppa Njord Freediver. Saman med hovudarrangør Opplev Runde er den Herøy-baserte fridykkargruppa grunnleggar arrangør av havfestivalen som går av stabelen på Runde Miljøsenter i september.
Foto: Marko Polter
- Det blir eit tredagars eventyr som haventusiastar ikkje vil gå glipp av. Det blir fridykking, apparatdykking, kajakkpadling, coastering, yoga, foredrag og flotte aktivitetar for alle haventusiastar. Programmet er proppa frå fredag kveld til søndag ettermiddag, forklarar Marko.
- I år skrur vi opp festivalpreget endå eit hakk samanlikna med i fjor. Det blir i tillegg til aktivitetane god mat, moglegheit for overnatting og eit after-sea-arrangement laurdag kveld med musikalsk underhaldning, seier Cecil Elisabet Nerbø – dagleg leiar i Opplev Runde.
Mange samarbeidspartnerar
Sentralt står også andre lokale aktørar frå Herøy.
- Herøy Kajakklubb skal sørge for eit fantastisk opplegg for padleentusiastar. Herøy Dykkerklubb er med på apparatdykkinga og vi i Njord Freediver står for fridykkinga, seier Polter.
Foto: Sjønær/Johannes Madsen
- Opplev Runde har også relativt nyleg starta ei spenstig satsing med «coastering» - ein heilt unik måte å utforske havlandskapet i Herøy på. Deltakarar får på seg våtdrakt, hjelm og redningsvest før dei blir med våre dyktige guidar rundt i fjøresteinane og klippane langs Runde. Dette blir berre knallbra, lovar Nerbø som seier at dette er ein aktivitet som passar alle.
Med seg på laget har arrangørane elles fått med seg Sunnmørsbadet som sponsor.
- Dei vil også vere med oss på søndagens program – eller sunday – fun day, som vi kallar arrangement-dagen, røper Polter.
Foto: Sjønær/Bjørnar Sævik
Opplevingsdag for heile familien
Ja, for medan laurdagen og fredagens program under festivalen er mynta mot erfarne hobby-entusiastar som er vande i å opphalde seg i og under vatnet, så er søndagen dagen der alle kan kome for å prøve gratis aktivitetar og bli kjent med havet.
Foto: Sjønær/Lill Haugen
- I fjor var festivalen meir som eit pilotarrangement. Der såg vi at vi i tillegg til ein dag for entusiastar og erfarne dykkarar/padlarar, trengte ein dag for dei som ikkje har like mykje erfaring. Derfor ønskjer vi å prøve ut ein aktivitetsdag for store og små der terskelen skal vere låg for å delta, seier Nerbø.
Fredagen blir for festivaldeltakarar som skal delta på entusiast-dagen laurdag.
- Dette blir dagen der vi stiftar kjennskap med kvarandre og formidlar den viktigaste informasjonen om laurdagens aktivitetar, forklarar Polter.
Foto: Sjønær
Overnatting på Runde Miljøsenter
Nerbø påpeiker at festivalen er laga for å tiltrekke seg folk også langvegsfrå.
- Vi har gode overnattingsmoglegheiter for folk som kjem tilreisande. Dette er ønskeleg og vi oppmodar folk om å ta kontakt om dei har spørsmål om deltakinga. Her er alle velkomne, seier Nerbø.
Foto: Sjønær/Vasco Pinhol
Derfor arrangerer dei festivalen
Polter forklarar kvifor dei har gått saman med lokale aktørar for å arrangere Sjønær.
- Alle som er med på arrangere har ein felles kjærleik og respekt for havet. Det er vår fellesnemnar. Målet med festivalen får er å bidra til å gjere havet tilgjengeleg for fleire og samstundes bidra til ei sterkare synleggjering av kor viktig havet er for oss. Sjønær er ein arena der folk med ulike forhold til havet kan kome for å dele erfaringar, og saman lære meir om havet i lag, seier Polter.
Foto: Sjønær/Marko Polter
Han seier at årets tematikk dreier seg om kva «vi» kan gjere for havet som gjengjeld for alt havet gjer for oss.
- Så er det kjekt å leike også, og det er det som til sjuande og sist er så flott med denne festivale. Vi lærar å kjenne havet gjennom leik, sosialisering og aktivitet i lag med folk som ønskjer å utforske havet i fellesskap, seier Nerbø.
Les mer om havfestivalen her