Norges Dykkeforbund / Nyheter / 2023 / Stort engasjement på dommarkurs
Dommarkurs, fin gjeng.jpg

Stort engasjement på dommarkurs

Laurdag 30. september var ni lovande dommarspirer frå BSI Boblen og Stord undervannsklubb samla i Bergen for å delta på dommarkurs i undervassrugby. Instruktør Bjarte Lyssand guida deltakarane gjennom ein innhaldsrik og interessant dag.

Dommarkurs, spilleområde.jpg

På førehand hadde alle lest seg opp på regelverket og gjennomført NDF sitt e-læringskurs for UVR-dommarar. Deltakarane var godt førebudde, og deltok engasjert i samtalar kring regeltolkingar, biletanalyse av ulike situasjonar og drøfting av caser Bjarte presenterte. Det vart også fokusert på korleis ein som dommar skal kommunisera med utøvarane på ein god måte, og korleis ein kan handtera direkte og til tider tøff språkbruk i kamp.

Dommarkurs, Bjarte.jpg

Dommarane er ein viktig del av det norske UVR-miljøet, og me er avhengige av dedikerte og motiverte dommarar også i åra som kjem. Tusen takk til Bjarte for eit inspirerande og kjekt kurs, og takk deltakarane som ville bruka ein laurdag i september til å delta på dommarkurs. Vidare må deltakarane gjennomføra minimum seks dømmingar saman med ein dommarfadder, før dei er ferdig sertifiserte som UVR-dommarar. Me ønskjer alle lykke til med den praktiske delen av dommarkurset, og håpar alle vil få positive opplevingar under vatn.

Dersom din klubb ønskjer å gjennomføra eit dommarkurs, kan de ta kontakt med administrasjonen i NDF.

Dommarkurs, dommarteikn.jpg

Kontakt oss!

Lurer du på noe? Ta kontakt med den ansvarlige for dette temaet i administrasjonen så hjelper vi deg!

Nora Menous Jordbru
Nora Menous Jordbru
Idrettskonsulent

Nora er fraværende frem til 26. april. Ta kontakt dykking@nif.idrett eller 21 02 90 90 ved henvendelser. 

E-post: nora@nif.idrett.no

Ansvarsområder: Konkurranser (undervannsrugby, foto & film, apnea), samordnet rapportering, antidoping

Nippon gases Hold norge rent Nordic Choice Hotels Sparebankstiftelsen DNB MARFO Handelens Miljøfond