Norges Dykkeforbund / Nyheter / 2023 / – 52 spelarar frå Egersund i sør til Tromsø i nord
Foto: Simon Wiik
Foto: Simon Wiik

– 52 spelarar frå Egersund i sør til Tromsø i nord

Helga 14. og 15. januar vart NS2 for juniorar arrangert på Stord. 4 lag med totalt 52 spelarar frå Egersund i sør til Tromsø i nord deltok på NS2 for juniorar.

Fire lag deltok i konkurransen: BSI Boblen, Egersund UVK, Stord UVK (med hjelp frå TSI SURK og Haugesund SDK) og Ålesund SDK. 

Laurdag starta med innleiande kampar der alle laga skulle møte kvarandre. Det var mykje bra spel, flotte scoringar og god stemning mellom laga. 

Etter kampane på laurdag var det sosial samling med pizza, musikk, leik og premieutdeling.

Etter dei innleiande kampane på søndag var det klart for semifinalar. Egersund sikra seg den første finaleplassen med siger over Stord, deretter kjempa Boblen og Ålesund om den andre plassen, der Boblen gjekk seirande ut.

I bronsefinalen vart Ålesund hakket for sterke for eit noko slitent Stordlag, og kampen enda til slutt 6-1. Egersund var ranka som favoritt i finalen, men det skulle vise seg å bli ein svært spanande kamp. Til pause var stillinga 4-3 til Egersund, men i andre omgang drog dei litt meir i frå og kampen enda til slutt 8 – 4 til Egersund.

Det var stor stas for Stord å kunne stille med eige lag på heimebane denne helga, og debuten i Norgesserien var ei svært positiv oppleving for både utøvarar og støtteapparat.
Takk til alle for kjekke kampar, god hjelp med arrangering og stort engasjement! 

Me sjåast i Egersund i juni!

Boblen stilte med 16 ivrige juniorar.

Foto: Sigrid Aarø

 

Ålesund stilte med ein glad gjeng på 13 stk.

Foto: Simon Wiik

 

Dei 13 spelarane frå Egersund blei hakket for gode for dei andre laga.

Foto: Knut R. Sørensen

 

Stord spelte si aller første turnering. Dei 5 spelarane frå Stord fekk hjelp frå 4 spelarar frå TSI SURK og 1 frå Haugesund.

Foto: Anne Mari W. Ottesen

 

Den heldige vinnaren av pakkeleiken.

Foto: Rannveig Litlabø

 

I deltakarpremie fekk alle spelarane kvar sin kvite og svarte teiprull, slik at dei er godt rusta for nye kampar.

Foto: Gunnhild Litlabø

 

Egersund i aksjon.

Foto: Rannveig Litlabø

 

Boblen kjempa hardt mot Egersund.

Foto: Rannveig Litlabø

 

Ålesund diskuterer strategi i timeouten.

Foto: Rannveig Litlabø

 

Stord gjer seg klar til kamp.

Foto: Anne Mari W. Ottesen

 

Også dommarar og arrangørar var godt nøgd med helga.

Foto: Rannveig Litlabø

 

 

 

Kontakt oss!

Lurer du på noe? Ta kontakt med den ansvarlige for dette temaet i administrasjonen så hjelper vi deg!

Nora Menous Jordbru
Nora Menous Jordbru
Idrettskonsulent

Nora er fraværende frem til 26. april. Ta kontakt dykking@nif.idrett eller 21 02 90 90 ved henvendelser. 

E-post: nora@nif.idrett.no

Ansvarsområder: Konkurranser (undervannsrugby, foto & film, apnea), samordnet rapportering, antidoping

Nippon gases Hold norge rent Nordic Choice Hotels Sparebankstiftelsen DNB MARFO Handelens Miljøfond