Norges Dykkeforbund / Nyheter / 2023 / To norske dommarar i VM i undervansrugby
361231803_193687346721034_2133926150775632495_n[9].jpg

To norske dommarar i VM i undervansrugby

Verdsmeisterskapet i UV-rugby gjekk av stabelen 8. – 15. juni i Montreal, Canada. Totalt ni dommarar var tatt ut for å dømma verdsmeisterskapet. Blant desse var to av Noregs mest erfarne dommarar, Kai Throndsen (Akkaren SDK) og Øyvind Tåsåsen (Molde UVK).

Å dømma eit verdsmeisterskap er noko av det største ein kan vera med på som dommar, og arbeidsoppgåvene i Montreal var mange og varierte. Kvar dommar dømte om lag 3-4 kampar kvar dag, og særleg som landommar har ein eit utvida ansvar med tanke på sikkerheit og teknisk gjennomføring av kampen. Dei dommarane som ikkje var direkte involverte i kampen, var tilgjengelege i hallen og hjelpte til dersom det skulle vera behov for det, til dømes ved utvisning av spelar og ved straffe. Både Kai og Øyvind har rikeleg med erfaring frå internajsonale meisterskap, og hjalp til med rigging og førebuingar før sjølve meisterskapet starta. At eit så stort meisterskap vert gjennomført med gode rammer for sportslege prestasjonar, er mykje på grunn av godt arbeid av dommarane.

 

På lik linje med utøvarane må også dommarane førebu seg til eit stort meisterskap. Sidan bassenget i Montreal har maksimumsmål i alle retningar, var det naudsynt at dommarane var i god fysisk form for å kunna følgja spelet. Både Kai og Øyvind har trent mykje i tida før meisterskapet og stilte godt rusta til mange meter med symjing. Det er også viktig for ein dommar å dømma mange og varierte kampar i tida før eit meisterskap. I tillegg til å dømma Norgesserien og NM har Kai og Øyvind vore aktive i internasjonale konkurransar denne sesongen. Dei har blant anna dømt 5- nations league, Underwater Rugby League og Champions Cup. At dei norske dommarane hadde førebudd seg godt og viste gode prestasjonar i løpet av VM, er det ingen tvil om. Begge to fekk det ærefulle oppdraget å dømma herrefinalen, der Colombia skulle møta Tyskland. Kampen enda til slutt 1-0 til Colombia. Damefinalen stod mellom Colombia og Noreg, sjølvsagt utan norske dommarar i vatnet. Også denne kampen enda med 1-0 siger til Colombia.

 

Det å jobba saman med og samarbeida med etablerte dommarar frå andre nasjonar under eit slikt meisterskap er gode erfaringar å ta med seg heim.  Kvar kveld etter at kampane var ferdige, samlast dommarane til eit dommarmøte, der det vart diskutert situasjonar frå dagens kampar, samt regeltolkingar og konsekvensar. På denne måten sikra ein seg at dommarane dømer mest mogleg likt. Under meisterskapet kom det gode tilbakemeldingar både frå utøvarar og trenarar om at dommarane gjorde ei god jobb. Kai Og Øyvind tek med seg mykje god erfaring heim frå Canada, og ønskjer å dela denne erfaringa med andre og vera med på å løfta det nasjonale nivået på dommerane i Noreg.

 

Me er stolte over den gode jobben dei har gjort, og det er flott at Noreg kan senda to så flotte representantar til eit verdsmeisterskap. Gratulerer til begge to med vel gjennomført VM!

 

 

Nippon gases Hold norge rent Nordic Choice Hotels Sparebankstiftelsen DNB MARFO Handelens Miljøfond