Thriller i damene sin semifinale

Dei norske damene møtte Colombia i fredagens semifinale. Dette vart ein svært jamn kamp.


Colombia hadde ballen i store delar av kampen utan å vera spesielt farlege. Noreg brøyt gjennom gang på gang, men klarte ikkje å samla seg nok i angrep.


Colombia var gode på å låse ball og dermed øydelegge dei norske angrepa. Etter full tid var stillinga 0-0, og kampen gjekk til sudden death. 


Ingen av laga greidde å score, og kampen måtte difor avgjerast med straffekonk. Dette vart uhyre spanande, og laga måtte gjennom fem straffar kvar før Noreg endeleg kunne jubla over siger.


No ventar finale laurdag 3. august klokka 15.30. Følg med!





[Tilbake]

 Makeweb CMS