VM-GULL TIL DET NORSKE DAMELAGET

Laurdag 3. august spela dei norske damene finale mot erkerival Tyskland. Førre VM vann Tyskland 3-0 i finalen, noko det norske laget var svært klare for å revansjera. 


På førehand var ein klar over at dette ville bli ein jamn kamp mellom to fysisk sterke lag. Noreg gjekk til kamp einige om å våga å satsa, stola på kvarandre og tåla å gå i kjellaren.

I første omgang hadde det norske laget fin flyt i spelet, og kom seg til fleire gode sjansar. Tyskland hadde også hardt press i periodar, men det norske forsvaret haldt unna. 


Til pause sto det 0-0. 


Andre omgang vart forholdsvis lik den først. Begge laga hadde sine sjansar, men ingen klarte å avgjera. Etter full tid var stillinga framleis 0-0 og kampen gjekk til sudden death. Noreg henta fram dei siste kreftene, noko som gav utteljing. Gerd Anne Solibakke scora etter om lag 6 minutt, og dermed vann det norske laget verdsmeisterskapet!




(Landslagstrener Øystein Skarholm)

(Alle foto: Landslaget)


[Tilbake]

 Makeweb CMS