Fire lag deltok i konkurransen: BSI Boblen, Egersund UVK, Stord UVK (med hjelp frå TSI SURK og Haugesund SDK) og Ålesund SDK.
Laurdag starta med innleiande kampar der alle laga skulle møte kvarandre. Det var mykje bra spel, flotte scoringar og god stemning mellom laga.
Etter kampane på laurdag var det sosial samling med pizza, musikk, leik og premieutdeling.
Etter dei innleiande kampane på søndag var det klart for semifinalar. Egersund sikra seg den første finaleplassen med siger over Stord, deretter kjempa Boblen og Ålesund om den andre plassen, der Boblen gjekk seirande ut.
I bronsefinalen vart Ålesund hakket for sterke for eit noko slitent Stordlag, og kampen enda til slutt 6-1. Egersund var ranka som favoritt i finalen, men det skulle vise seg å bli ein svært spanande kamp. Til pause var stillinga 4-3 til Egersund, men i andre omgang drog dei litt meir i frå og kampen enda til slutt 8 – 4 til Egersund.
Det var stor stas for Stord å kunne stille med eige lag på heimebane denne helga, og debuten i Norgesserien var ei svært positiv oppleving for både utøvarar og støtteapparat.
Takk til alle for kjekke kampar, god hjelp med arrangering og stort engasjement!
Me sjåast i Egersund i juni!

Boblen stilte med 16 ivrige juniorar.
Foto: Sigrid Aarø

Ålesund stilte med ein glad gjeng på 13 stk.
Foto: Simon Wiik

Dei 13 spelarane frå Egersund blei hakket for gode for dei andre laga.
Foto: Knut R. Sørensen

Stord spelte si aller første turnering. Dei 5 spelarane frå Stord fekk hjelp frå 4 spelarar frå TSI SURK og 1 frå Haugesund.
Foto: Anne Mari W. Ottesen

Den heldige vinnaren av pakkeleiken.
Foto: Rannveig Litlabø

I deltakarpremie fekk alle spelarane kvar sin kvite og svarte teiprull, slik at dei er godt rusta for nye kampar.
Foto: Gunnhild Litlabø

Egersund i aksjon.
Foto: Rannveig Litlabø

Boblen kjempa hardt mot Egersund.
Foto: Rannveig Litlabø

Ålesund diskuterer strategi i timeouten.
Foto: Rannveig Litlabø

Stord gjer seg klar til kamp.
Foto: Anne Mari W. Ottesen

Også dommarar og arrangørar var godt nøgd med helga.
Foto: Rannveig Litlabø






