Norges Dykkeforbund / Nyheter / 2024 / NS2 for junior på Stord
Dommar og utvalsleiar Bjarte Lyssand passar på at alt går trygt og rettferdig føre seg.
Dommar og utvalsleiar Bjarte Lyssand passar på at alt går trygt og rettferdig føre seg.

NS2 for junior på Stord

Det var Egersund som stakk av med sigeren då Stord arrangerte den andre runden av Norgesserien for juniorar, 13. og 14. januar. Ålesund enda på andre plass, medan Stord trakk det lengste strået i bronsefinalen og kapra tredjeplassen framføre Boblen på 4. plass.

Første konkurranse i januar er alltid spanande for juniorlaga. På grunn av aldersgrensa for å kunna spela juniorkampar, er det mange lag som mistar sine eldste og mest rutinerte spelarar ved årsskifte. Dermed må yngre spelarar ta meir ansvar, og mange får gjerne ei ny og meir sentral rolle på laget. Med høg intensitet i spelet, flotte scoringar og mykje bra forsvarsspel såg det ut som om alle laga takla denne overgangen bra. Kvaliteten på den norske juniorserien er imponerande, noko som lovar godt for framtida til norsk undervassrugby!

 

Egersund markerte seg som det sterkaste laget

Etter dei innleiande kampane på laurdag var det nok ein gong Egersund som ganske klart viste seg som det sterkaste laget. Boblen, Stord og Ålesund spelte jamne kampar mot kvarandre. Til slutt var det Stord som skulle møta Egersund i semifinale, medan Boblen og Ålesund skulle møtast i den andre semifinalen. Som forventa vann Egersund komfortabelt mot Stord. Semifinalen mellom Boblen og Ålesund vart svært spanande, og begge laga kjempa til siste slutt. Ålesund vann kampen, og var dermed klare for å møta Egersund i finalen. Bronsefinalen skulle stå mellom Stord og Boblen.

 

Finalespel

Bronsefinalen mellom Boblen og Stord vart ein tett kamp, der laga følgde kvarandre heile vegen. Om det eine laget scora eit mål, gjekk det ikkje lang tid før det andre laget utlikna. Med god hjelp frå heimepublikum klarte Stord å ta leiinga då det var mindre enn to minutt igjen av kampen. Boblen pressa på for å scora eit mål, og det siste minuttet av kampen kjempa Stord for å halda tett i forsvar. Det var stor stas då kampen vart blåst av, og Stord hadde fått sin første siger - på heimebane.

I finalen viste Ålesund at Egersund ikkje kunne ta sigeren på førehand. Begge laga spelte veldig god rugby, og det vart ein finale med høg kvalitet på spelet. Men Egersund overbeviste til slutt med ein 9-1 siger.

I tillegg til kampar og konkurranse i bassenget vert det alltid sett av tid til ei sosial samling når det er juniorcup. Alle utøvarane var samla til pizzafest med premieutdeling og leik på Stord Ungdomskule laurdag kveld.

 

Storfint besøk!

Forbundsstyret hadde lagt møtet sitt til Stord denne helga, og det vart godt motteke då dei ville prøva seg på å spela undervassrugby. Kvart lag fekk spela ein kamp på 10 minutt mot dei litt nervøse, men sporty vaksne. Etter kampane var medlemene i Forbundsstyret godt slitne og enormt imponerte over utøvarane dei hadde møtt i kamp. Forbundsstyret blei også med på pizzafest, og president Gry Henriksen og visepresident Trond Erik Backe delte ut deltakarpremie til alle juniorane. Forbundsstyret lova å koma tilbake neste år for å spela nye kampar mot juniorlaga.

 

Forbundsstyret klare til kamp!

Kontakt oss!

Lurer du på noe? Ta kontakt med den ansvarlige for dette temaet i administrasjonen så hjelper vi deg!

Nora Menous Jordbru
Nora Menous Jordbru
Idrettskonsulent

Nora er fraværende frem til 26. april. Ta kontakt dykking@nif.idrett eller 21 02 90 90 ved henvendelser. 

E-post: nora@nif.idrett.no

Ansvarsområder: Konkurranser (undervannsrugby, foto & film, apnea), samordnet rapportering, antidoping

Nippon gases Hold norge rent Nordic Choice Hotels Sparebankstiftelsen DNB MARFO Handelens Miljøfond